Man | Tir | Ons | Tor | Fre | Lør | Søn |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | ||||||
2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 |
16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 |
23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 |
30 |
Bjørn Svela har ønsker om live.bridge.no
Arkiv
Den godeste Bjørn Svela er ingen hvem som helst i norsk bridge. Han fikk en svært fortjent ildsjelpris under Festivalen i sommer for sin revitalisering av bridgemiljøet på Jæren. I klubben hans på Klepp er det opptil 18 (!) bord og 36 par på en vanlig klubbkveld. Det er nesten fire ganger så mange som Midt-Trøndelag krets klarer å samle til sitt KM og NM-semifinale.
Her er mailen jeg fikk fra Bjørn. Den inneholder både ris og ros til redaktøren og redaktøren lover å ta inn over seg begge deler.
_________________________________________________________________________________________
Hei Snorre
Du spør kva vi vil ha ....
Du spør kva vi vil ha ....
Først av alt så er live.bridge.no eit storarta tiltak - og på høg tid. NBF si nettsatsing har i årevis skreke etter eit oppdatert, friskt og publikumsretta nettforum med formidling av m.a. nyhende, bridgepolitikk og bridgeteori. Eg håpar og trur at live.bridge.no kan gi oss nettopp dette, og at du er rett person til å syte for det.
Eg har tidlegare klart gitt utrykk for mi begeistring for kristiansandbk.org og viktigheten av å ha eit forum som det du Snorre der har skapt, men har vel i mindre grad uttrykt begeistring for stilen og metodane dine. Du likar å påverke og du har sterke meiningar om det meste, ikkje minst "toppbridgen". Sterke meiningar formidla med ein skarp penn kan ha stor kraft, men kan også føra til det motsette - at ein ikkje blir teken på alvor.
Eg trur du skal ta til deg Hoffa sitt rimeleg krasse tilsvar og vakte deg for ikkje å gå i "russeavisfella".
På Klepp BK sine sider har eg vore så fri å presentere Live.bridge.no som den nye "manesjen" for Snorre Aalberg. Eg reknar med at du har teke inn over deg at på ei offisiell NBF-side forventar vi større objektivitet og "sjølvkontroll" enn på ein meir eller mindre privat "blogg". Men håpar for all del at NBF-bindinga ikkje "kastrerer" deg, og at kvass humor og meir eller mindre velretta småspark også vil prega Live.bridge.no, og at du blir ein Arnardo i bridgemanesjen - ikkje ein klovn.
Det var "moralpreika", men kva vil eg ha på Live.bridge.no?
- Raske oppdateringar og resultatservice frå turneringar i inn- og utland, gjerne også med fokus også på dei mindre turneringane - ikkje berre meisterskapa.
- Formidling av bridgeteori gjennom presentasjon og analysar av gode (og dårlege) spel m.v., gjerne frå klubbridgen
- Presentasjon og markedsføring av komande turneringar både norske og internasjonalt. For at det ikkje skal "gli ut" bør ein kanskje begrense seg til FP-turneringar på heimebane?
- Presentasjon av nytenking og gode tiltak på alle nivå i bridgeorganisasjonen.
- Fokus på aktuelle bridgepolitiske og organisatoriske spørsmål - gjerne presenterte utan at redaktøren sitt personlege syn skin altfor klart gjennom :-)
Og klarar du i alt dette også å ha ein tanke for det livsviktige rekrutteringsspørsmålet får eg fred i eldsjela mi.
Lukke til Snorre!
MVH
Bjørn Svela
PS: Kanskje kan vi også kan forvente litt betre kjeldekontroll? Som t.d. i omtalen av Rune Hauge sin famøse 1NT, som absolutt fortener å bli presentert med overskrifta "Muppet show". Slik eg har blitt fortald (av ei som var tilstades ved bordet) var Tor sin 2 kl Stayman og Rune sin 2 ru eit heilt naturleg og systematisk svar på dette som såleis ikkje fortener to utropsteikn bak seg. Tre utropsteikn bak Rune sin pass av 3 NT er forsåvidt heilt på sin plass, men samstundes syns nå eg at det er betryggande å sjå at bridge ikkje er rein vitskap og at gambling-elementet kan vera til stades sjølv på toppnivå :)
PS2: Eg trur faktisk det er rett IKKJE å opne for muligheten til direkte kommentarar på dei redaksjonelle sakene, då vil ein i verste fall risikere straumar av ytringar som denne - og verre - pøst ut utan kontroll, som gammal sosialist har eg sansen for sensur :)
_________________________________________________________________________________
Takk for kloke ord, Bjørn Svela..
_________________________________________________________________________________
Takk for kloke ord, Bjørn Svela..
Kommentarer